Nynorsk fagspråkpris skal lyfta fram nye sakprosaskribentar. Tevlinga er open for skrivande under 30 år, anten dei er studentar eller andre med faglege interesser. Attom tiltaket står Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo i samarbeid med Norsk Målungdom og Syn og Segn.
Vinnarane av Nynorsk fagspråkpris 2022
I år kom det inn 19 tekster til språkprisen før fristen 15. oktober. Emna femna vidt frå litteratur til matematikk og alt imellom. Fyrstepremien er på 14 000 kr, andrepremien på 12 000 kr og tredjepremien på 10 000 kr. Juryen har valt ut tre vinnartekster på grunnlag av kunnskap, kvalitet, formidling og engasjement. I juryen sit Astrid S. Dypvik (Syn og Segn), Diandra Drarvik (NMU) og Ole Kristian Grønneng (Skuleboknemndi).
Tredjeplassen går til Jógvan Helge Gardar for teksta «Den språklege rettstryggleiken». Teksta skildrar korleis ein i fleire samanhengar kan vera offer for misforståingar på grunn av språkleg variasjon og kulturelle skilnader. Vidare set forfattaren ljos på omgrepet rettslingvistikk og tek lesaren med på ei bylgje som skildrar korleis juristar brukar språk, og korleis språket vert nytta i rettslege samanhengar. Teksta er velskriven og er prega av godt språk, fine formuleringar og råkande ordval.
Andreplassen går til Marit Bersås for teksta «Bjørnstjerne Bjørnson og Nesset Prestegard». Teksta byd på lange historiske sveip og viser korleis garden, landskapet rundt han og opplevingane i barndomen kom til å prega både diktinga og samfunnsengasjementet til Bjørnstjerne Bjørnson. Teksta kombinerer historisk og biografisk kunnskap med innsikt i det litterære og har ein struktur som fungerer. Språket er presist, variert og prega av einskilde svært gode formuleringar.
Fyrsteplassen går til Kamma Tyse for teksta «Frå pluss og minus til matematisk abstraksjon». Vinnaren av Nynorsk fagspråkpris i 2022 er ei tekst om matematisk abstraksjon. Teksta tek føre seg mengdelære, gruppeteori og identitet for å seia noko om abstraksjon og matematikk. Lesaren vert leidd varsamt og leikande gjennom dei elles tunge emna. Artikkelen er sjølvstendig. Skrivaren har lukkast godt i å skildra dette på norsk og gjera det aktuelt for eit ålment publikum.
Juryen ynskjer alle dei tre unge skrivarane lukke til vidare!