Nynorsk fagbokpris 2003–2011
Frå 2003 til 2011 etla Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo saman med Det Norske Samlaget ut Nynorsk fagbokpris annakvart år. Prisen var på kr 100 000.
Ei eigi domsnemnd tok imot søknader og valde ut ein verdig vinnar. Tri gonger vart prisen utetla på haustsleppet til Samlaget i midten av august. I 2011 var utetlingi på grautkvelden til Studentmållaget i Oslo.
Prisen er no lagd på is enn so lenge.
Prisvinnarane
2003: Peter Larsen og Sigrid Lien: Norsk fotohistorie. Boki kom ut på Samlaget i 2006.
2005: Olaf Almenningen: Innføring i nynorsk for høgare utdanning. Boki kom ut på Samlaget i 2006.
2007: Lila Marie Moberg og Nora Lindén: Barn og kommunikasjon. Om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy. Boki kom ut på Gyldendal i 2008.
2009: Jon Vidar Sigurdsson, Ståle Dyrvik, Jan Eivind Myhre og Ola Svein Stugu: Norsk historie frå dei eldste tider til i dag. Firebandsverket skal koma ut på Samlaget i 2011.
2011: Sigrid Lien og Hilde Nielssen: Innføring i teoretiske og metodiske grunnlagsproblem knytte til kulturhistoriske utstillingar. Kva fortel dei, og kva teier dei om?