Målet i Hadsel i jamføring med nynorsk skriftmål

Av dr. philos. Ingeborg Hoff.

Hadselmålet høyrer til den nordnorske målføreflokken som femner om målet i Vesterålen, Salta og Lofoten (mid-nordnorske mål).

Nordnorsk er ei sjølvstendig grein av dei vestnorske målføra. Vestnorsken har to store under-målvald, nordnorsk og vestlandsk. Frå fyrsten av er såleis nordnorsken meir skyld til vestlandsken enn til austlandsken. Denne likskapen syner seg enno i mange ting, men serleg i at båe målgreinene vantar mange servokstrar som finst i austlandsk og trøndsk. Dei vestnorske målføra er meir regelrette og har færre avvik enn dei austnorske. Difor er det òg lettare å byggja nynorsk skriftmål på dei.

Som alle bygdemåla her i landet har vesterålsmålet vakse fram or det gamalnorske talemålet. Ettersom tida gjekk, gjekk alle målføra over frå gamalnorsk til nynorsk målsteg. Alle bygdemåla er nynorske. Dei kan ha lånt inn mange ord og vendingar frå andre mål, serleg frå dansk gjennom bokmålet. Men dei har alle vakse fram frå gamalnorsk grunnlag, og dette grunnlaget er det som har styrt framvoksteren. Endå om det kan vera stor skilnad på uttalen og noko ulik gjennomføring av reglane i grammatikken, så er det ei mengd ting som bind alle målføra ihop. Hovuddraga i lydverk og formverk er dei same alle stader, og dei har ein stor lut av ordfanget saman. Ivar Aasen såg denne likskapen, og bygde det nynorske skriftmålet opp or målføra. Han såg etter at alle sams norske drag kom vel fram, men i utforminga heldt han seg nærast til dei klåraste og mest regelrette bygdemåla. Mangt av det som bind dei norske målføra saman skil dei samstundes frå det dansk-norske bokmålet og knyt dei til det nynorske skriftmålet.

Vesterålsmåla har greie og faste samsvar med nynorsk, so det er lett for vesterålingane å bruka nynorsk i skrift. Mest alle ord og vendingar som høyrer bygdemålet til kan brukast i nynorsken, og ein treng ikkje å stengja noko av heimeorda ute. Det berre gjeld å læra korleis ein skal skriva talemålsorda.

Det er fast samsvar mellom hadselmål og nynorsk, såleis at ord som vert likt uttala oftast vert skrivne på same måten. I det fylgjande skal vi gjera greie for dei viktigaste unnataka. Mellom hadselmål og bokmål er det ikkje liknande samsvar, som ventande er. Bokmålet er ikkje framvakse or gamalnorsken såleis som hadselmålet og nynorsken. Det kjem frå det danske skriftmålet som vart nytta her i landet frå reformasjonstida av, og har framleis avgjerande samsvar med det. Nokre få døme mellom dei mange kan syna det. Hadselmålet og nynorsken har t.d. eit golv, ein botn, ei tong, ein gong, ein song. Han skolv, han song, han sokk, eg har skote, bore, sokke. I båe mål vert o oftast uttala å. Bokmål og dansk har et gulv (i bokm. er golv tillate, men sjeldan nytta), en bunn (da. bund, bokm. sjeldan botn), en tang, en gang, en sang, han skjalv eller skalv, sang, sank, han har skutt (da, skudt), båret, sunket. Hadsel og nynorsk: eg kjem, eg fer, eg stel, da. og bokm. jeg kommer, farer, stjeler (da. stjæler). Hadsel og nynorsk: ein haust, ein eid (d ikkje uttala), å gøy (i båe mål uttala jøy), bokmål og dansk: en høst, en ed (d uttala), bokm. å gjø. H. og nyn.: å sjå, frå, , bokm. og da. å se, fra, da, osb. I målprøvene finn ein mange døme på samsvar mellom hadselmål og nynorsk og skilnad frå bokmål, både i ordval og grammatikk, lydverk og målføring.

Når skrivemåten til ordet ikkje er heilt den same som uttalen, er den nynorske skriveforma sett etter i alle døma som no kjem. Orda frå Hadselmålet vert skrivne som dei er sagde.

Tvelydar

Tvelydane er dei same i nynorsk som i Hadsel.

Au: jau, dauen, dauden, trau, tau, mauk, gauk, straum, taum, saup, blautblautt; kaus(a) kause, auster, haust. Unnatak: For raud vert no oftast sagt , for lauk og draum: løk og drøm. Men det gamle er draum. Både graut og grøt vert sagt, det eldste er graut. I gamalt mål heiter det ein håg - håjen, dråg - dråjen, men no mest hauen, drauen, nyno. haugen, draugen.

Ei: ein ei (gl.) eid, eitt eie eide, skjei skei, brei - breitt, sveitt, feit, heil, heim, reim, hein, leik, å jeisp’ geispa, ein gneist’, gneiste, meir, fleir, eir (bokm. irr) o.s.b. Ofte vert ei føre g uttala æ: fæg feig, fægd feigd, å æg’ (også ei’) eiga. No mest tei teig, men gardn, Tægan Teigan, dæg og dei deig. Ei kveit(a) kveite, men kveitemjøl heiter mest vetemel3, gl. kveitmjøl.

Øy: å jøy gøy, døy, ei øy, å nøy’ nøyda, ei røyr, øyr. I eldre mål eit øyre (øyra), no oftast om øyra på garn, alltid helst øyrstola øyrestolar øyretæv(a) øyretæve. No vert det mest sagt øre. So og eldre å høyr’ høyra, kjøyr’ køyra, no oftast hør’, kjør’. Ein bør halda seg til øy i desse orda både i tale og skrift. Fortidsformane haur’ (og kjaur’) kjenner vi frå eldgamal tid, men dei er ikkje opptekne i nyno. skrift, som har høyrde, køyrde. Føre m vert øy gjerne til ø i yngre mål: gl. drøym’, no drømm’ drøyma, gl. jøym’, no jømm’ gøyma, gløym’ og gømm’ gløyma, men alltid ei attgløym attgløyma, å løysløyst løyste, trøytt, eit røyve, ei storskrøyv storskrøyve.

Vokalar

A i nynorsk er støtt a i Hadsel. Dette tykkjest kanskje vera sjølvsagt. Men t. d. i austnorsk vert a ofte til æ. Døme: fram, glas, snag, ei haidd(a) hadde, jamn, ein varg, daill dall, klakk, å varrel varla. For gras vert ofte sagt græs, for nase kjem næse frå bokmål inn no. Merk eldre vakjen, no mest våken vaken. Ein bør bruka dei eldre formene, som er dei ektaste og norskaste. Ja kan verta uttala i jærn (og jarn), men alltid jarstein jarnstein, jærtte, men eldre jartte hjarta, jær jar på ty.

Æ i nynorsk skrift vert uttala æ i Hadsel: spræk, ein kvæn, æseng æsing, ei næp(a) næpe, å lær’ læra, å bræ ein båt, bærr bær, værr vær (fiskevær). Føre t og r vert det likevel ofte sagt e: ei sæt(a) eller set(a) sæte, ho let å gret læt og græt, krer krær, ter tær. Å jet’ gjæta kan no skrivast gjeta, likeeins kle, redd. Også føre kj vert æ uttala e: ei vekje vækje.

Til nynorsk lang trong e svarar e i Hadsel. Flest døme føre d, som er stum: tre, kne, sme smed, ve ved, le led, sle(e) slede, eleng eling, ver, her, skjel. Merk òg brev. Med dobbel konsonant i uttalen, enkel i skrift: velleinne velendet, telle tele, sella fl. selar, lemm lem, bekk bek, vekk(a) veke, revv rev (i segl). Merk og hes eller hæs hes, gl. veg, men no oftast vei veg, kji kje.

Elles vert stutt open e helst uttala æ. Ein æ i Hadselmålet vert difor oftast skriven e, serleg når det kjem to eller fleire bokstavar etter: æg, mæg, dæg, eg, meg deg, lainlæg landlege, å væg’ (nyare vei’) vega, å fræg’ frega, ei ræk(a) reke, å ræk’ reka, å læk’ leka, å les lesa, å stær stela, ein væv vev, ræv rev, eit græv grev. Merk at ein skriv berre ein konsonant i desse orda: nævve neve, næss nes, å spæll spela. Han væll vel, sæll sel, sætt set. Føre fleire konsonantar er e uttala æ, utan føre ll og nn med j-klang, ggj, kkj: ein kveill kveld o.s.b.: rætt rett, å dætt’ detta, hæst hest, kvæsm’ kvesme, kvefs, vægg vegg, slægg(a) og sleggje sleggje. Merk ei kjill(a) kjelde.

Lang i i nyno. svarar til i i Hadsel: ei grim(a) grime, kvitkvitt. Føre nn og ll med j-klang, gg, kkj, tj og nokre andre vert i og uttala: skjinn skinn, sill sild, å tigg’ tigga, ikkje, heimvikkja heimvitja. Men elles vert i føre fleire konsonantar uttala e. E i målføreord kan jamt skrivast i når han står såleis: attkjepp attkippa, prekk prikk, å gnekk gnikka, lekt likt, å bregg’ brigda, teng ting, fesk fisk, mett mitt, tenn tinn. I desse orda skriv ein berre ein konsonant: vett vit (eller vett), å vette vita, bett bit, bette bite, slett slit, solskjenn solskin, æg vell eller vill vil, tell til, å skjell skilja. Merk ø for i i: jømmer gimmer, å møss’ missa.

Til lang (trong) y svarar y i Hadsel: husly huslyd, lyna lynad, å bryn’ fram båten, my, yste ytste. Merk imest ymist. Elles vert y uttala y føre dei same konsonantane som i vert uttala framanføre, nn o.s.b. å gryinn’ grynna, ei tyinn(a) tynne eller tunne, syinn synd, ei hyilla hylle, rygg, krykkje, lykkje, mykkje mykje, ei skjykkje skytje, stykkje stykke. Stygg vert uttala stugg, for nygle vert sagt: nuggel, for mygl: muggel. Elles vert y jamt uttala ø føre fleire konsonantar. Ø i denne stoda skal difor mest støtt skrivast y. (Unnatak, sjå under ø.) Ei bøtt(a) bytte, å fløtt’ flytta, ønger yngre, å løft lyfta, søft’ syfta, tøst tyrst, føst fyrst, ørkndag yrkndag. Merk einskild konsonant i møss(a) mysa, å skjøll’ skylja, men føll’ fylgja. I staden for kyrkje brukar dei kjerk(a) kirka.

Nyno. ø vert mest støtt uttala ø. Ø står oftast berre føre ein eller ingen konsonant, Han er då oftast lang. Hadselmålet har mykje av stutt ø føre fleire konsonantar. Han skal skrivast y. Unnatak, sjå nedan. Ei kjø(a) kjøe, å flø, å bøt’ bøta, snøs’ snøsa, fjøs, høg, fjøl, å høv høva, eit høve. For gl. mjøl vert no mest sagt mel. Sjø og sjy sjø. Snø vert uttala sny. Merk å vør’ vyrda eller vørda. Konsonanten vert dobbel i uttale, men ikkje i skrift i: dørr dør, børr bør, smørr smør, skjørr skjør (surmjølk), spørr spørja, døll’ dølja, føll føl, grønn grøn, å skjønn’ skjøna. Føre fleire konsonantar vert ø skriven i desse orda: ørn, mørk, førkje, mølje, pøls(a) pølse, sørp(a) sørpe, møkker møk eller møkk, å sløkk’ sløkk(j)a, å søkk’ søkk(j)a, øks, og nokre fleire, dessutan i sambandet : bjørk, kjøtt, bjøin bjørn, kjøinn tjørn.

Til lang nyno. u føre ein eller ingen konsonant svarar u i Hadsel: ku, bru, å snu, bu, tru, buna bunad (utstyr), sjuk, mjuk, jup djup, men kjyv tjuv, jyfn djupn. Merk at u er uttala o i hog, hogna hugnad, framhoga framhuga; flog(a) og flu(a) fluge, rog eller rug, boll bul, men u i duna dugnad. Føre il, inn, int, gg er u uttala: uill, guill, gluint, huinn hund, (Nokre stader seier gamle folk gloint, hoinn enno.) lugga luggar. I bryinn, tyinn, syinnana og fleire samansetningar med syinna vert u uttala y. Ein skal no skriva sønna-, før sunnan-. Ein kan òg skriva tynn no. Føre r-samband er u uttala ø: ei lørv(a) lurve, å snørp’ snurpa, størt’ sturta, tørr turr og tørr. Merk og føggel og fuggel fugl, støtt stutt. I dei fleste andre høve vert u uttala o føre fleire konsonantar: ofs ufs, knopp knupp, bokk bukk, oks(e) ukse eller okse, boks(a) bukse, sommar sommar eller sumar, gomme gumme.

Til nynorsk o svarar o når han er lang: Ein sole, ei flo, saspon (sodspon Aasen), kjon tjon, ukjo utjo, veskjol vedskjol (vedreis). Merk kjør tjor, nu no. O er sjeldan uttala o føre fleire konsonantar, men det finst likevel nokre døme: kost, opp, ost, borte, joska ljoske.

Open o føre ein konsonant vert uttala å i låv lov, flåg flog, båje (og baue) boge4), låje og laue loge. Føre fleire konsonantar var o stutt frå gamalt av, og vert uttala å i nynorsk som i Hadsel: åidd, gl. audd, odd, skåidd(a), gl. skaudda skodde, lått lott, råkk rokk, kåst (mat) kost, åiller older, tång tong, juksånn djupsogn, han sång song. Merk at det berre skal skrivast ein konsonant i nåvv nov, låvv’ lova, brått brot (eller brott), ein håss hose, måss(e) mose, ei råss(a) ròse, råtten roten. Han ha(r) skåtte skote, men skått skot eller skott5. Serleg ofte vert l lengd, men har då ingen j-klang; ll utan j-klang vert alltid skriven l: måll mol (men måill mold), håll hol, kåll kol.

Føre gg vert o uttala ø eller au: døgg eller daugg dogg, vøgg(a) eller vaugg(a) vogge, høgg eller haugg hogg, han taug togg. Føre d, som no har falle, vert o uttala ø: ei vø(a) vòde, spø(a) spòde, ròd, fiskeskinn, å knø knòda, ein bøe båe, eldre nyno. bòde.

Nynorsk å svarar til å i Hadselmålet, ei bår(a) båre, å sjå, ein ljå, , frå, klår, ein skråp, ein håk. Denne bokstaven vert berre sjeldan skriven føre meir enn ein konsonant, og då i regelen i bøygningsformer: grågrått, blåster. Merk åtte 8, dørrgått. Elles vert lyden å føre fleire enn ein konsonant eller lang konsonant (t.d. tt) i Hadselmålet i regelen skriven o i nynorsk.

Endingsvokalar

I endingar fell vokalen ofte bort i Hadselmålet. Tridje staving fell støtt: stolan stolane, rikar rikare. Den vokalen som fell i 2. staving er oftast e. Når ei ending dett, får det som er att av ordet eit eige tonelag; vokalen vert likesom oppatt-teken. Dette er merkt slik her: å kast’. Ein veit difor godt når ein skal setja innatt ein e, og det blir mykje gjort i våre dagar: ein oks’ og okse ukse, eit bryn’ og bryne, mange vis’ og vise viser, sau’ og saue sauer, han ha frås’ og fråse frose. I infinitiv av verb dett endinga jamt: å skriv’. Her kan ein på nynorsk bruka anten -a eller -e: å skriva, skrive. I dei linne hokjønsorda er det a som dett. I nokre grender og i yngre mål er a mykje bruka. Ei vis(a) vise. Ei kånn(a) kone. No skriv ein -e i nynorsk: ei vise. Men Ivar Aasen bruka -a: ei visa, og det kan dei som ikkje går på skulen godt gjera òg. Elles svarar a i endingar heilt til nynorsk: hæsta hestar, rikast, han kasta, ein fiskar, flygan flygande, eit drekka drikkan, gråhåra o.s.b. Om infinitiv på -est, sjå nedan.

Til å i nokre avleidingar svarar u i nynorsk: flekkåt flekkut, vårgåt vargut, ein skåttål skotul, auår augur. Merk nåkka noko, måra morgon.

Dobbeltskriven konsonant

Den einaste vansken som det kan vera ein grand bry med når ein skal bruka målet i Vesterålen til grunnlag for nynorsk skrift ligg i at lang konsonant vv, tt, ss, ll, nn, rr, kk, etter e - æ - ø - å i talen stundom skal skrivast med ein bokstav (v, t, s, l, n, r, k). Dette kjem av at den lange uttalen er eit målføremerke, som det finst meir av i nordnorsk og trøndsk enn andre stader. Ein skal likevel gje nokre reglar: rr skal alltid skrivast r: dørr dør o.s.b. (Det er få unnatak: merr, narr, kjerring.) Når ll og nn ikkje har j-klang skal dei stødt skrivast l og n: håll hol, men å håill halda, monn mon, men muinn munn6, Når ein skal dobbeltskriva v, s, t, k, ser ein helst av døma under kvar vokal.

Konsonantar

Om konsonantane er det ikkje so mykje å seia, Dei har vanleg samsvar med nynorsk skrift, med nokre regelrette og sers vidgjengde avvik. Såleis vert d ofte ikkje uttala, men det gjeld mest heile landet: ve ved, husly huslyd o.s.b. Merk ei vedje vidje, sødaust og sødvest søraust, sørvest.

Nynorsk ld og ll, nd og nn vert til j-fengen ll og nn. Denne voksteren er òg vanleg mange stader: lainn land, spjeill spjeld o.s.b. Merk norlæneng, øylæneng nordlending, øylending.

Etter diftongane vert g ofte ikkje uttala, hau haug, auår augur, men flaug, saug.

I etterstaving sa dei gamle gjerne kj og gj i bøygningsformer av ord på k og g, føre ending med e: skogskogjen, veggveggjen, stokkstokkjen, markmarkja, vikvikja, taktakje, eggeggje. Dette råder i store deler av landet. Ein kan enno høyra slike former i Hadsel, men dei tek til å gå ut. På nynorsk har dei alltid skrive g og k: stokken o.s.b. Derimot har nynorsk gj og kj i mange andre ord, serleg verb og linne hokjønnsord. I Hadsel er det no lite att av gj og kj i verba: å røyk’ røykja, vik’ vikja, sleik’ sleikja, sløkk’ sløkkja, lægg’ leggja, bygg’ byggja. Ein kan no skriva alle desse med k(k) og g(g). I hokjønns- og inkjekjønnsord er det att meir, mest i det eldste målet. Ein kan skriva j overalt når han vert sagt, og treng ikkje skriva han elles. Ein kan såleis no fylgja målføret heilt ut i dette. Ei sleggje og slægg(a) sleggja, vekje vækje, sløkje (og sløykje) sløkje, førkje, lykkje, krykkje, men ængk(a) enkje og enke, kjerk(a) kyrkje, mykje, ikkje. Eit stykkje vert skrive stykke.

I infinitiv av nokre verb er j borte i Hadsel. Å spørr’ spørja, føll’ fylgja. Sjå under formlæra.

Kv er bruka som i nynorsk: Ei kveit(a) kveite, å kvil kvila, kvass, kvainn (i fisk); ka kva, kvær kvar, einkvan.

Mn er bruka som i nynorsk: hamn, æmne emne o.s.b. Merk såmn svevn.

Sl og tl vert begge til ein hlj-lyd: fahlje fatle. Merk likkje og lihlje litle, å ehljt’ etla.

R vert uttala i fleire ord enn vanleg: hårn horn, kårn korn, men kjøinn tjørn, båinn born, fårs og fåss foss, men føst fyrst, tøst tyrst. I endingar dett r: hæsta hestar, vekje vækjer, han kjeinn’ ho kjenner. Dette er vanleg i store luter av landet, serleg i vestnorsk og trøndsk.

Tj vert uttala som kj: kjærr(a) tjære, tjøre, kjon tjon, skjykkje skytje, heimvikkje heimvitje.

V står etter au og u: ei huv(a) huve, tuv(a) tuve, ein skruv, lauv, klauv. Hadsel fylgjer såleis nynorsken også i dette. Når v vert sagd, skal han og skrivast.

Formlære

Grammatikken og bøygningane i Hadselmålet høver sers vel med nynorsken.

Substantiv (namnord) har tre kjønn: Ein mainn, ei kånn(a) kone, eit ban barn, Hankjønsorda vert bøygde på same måten mest alle:

Hadsel: ein hæst — hæsten — hæsta — hæstan.
Nyno.: ein hest — hesten — hestar — hestane.
Hadsel: ein hammar — hammaren — hamra — hamran.
Nyno.: ein hamar — hamaren — hamrar — hamrane.

Som hest går og rygg, vegg, legg, benk, gris, lett let og fleire andre som har -er i fleirtal i nynorsk frå gamalt. No er mest berre att: ein sau — saue sauer sauen sauene, sånn — sønne son — søner. Alle dei orda som får -a i Hadsel, kan no skrivast med -ar i nynorsk.

Hokjønnsorda har ofte avstytt fleirtal i det eldre målet i Hadsel; enno er sume mykje vanlege, som ei nål — to nål-l. Den vanlegaste bøygninga er i dag:

Hadsel: ei skål — skåla — skål(e) — skålen.
Nyno.: ei skål — skåla — skåler — skålene.
Hadsel: ei vis(a) — visa — vis(e) — visen.
Nyno.: ei vise — visa — viser — visene.

Somme har fleirtal på -a, nyno. -ar, såleis myra myrar, grinna grindar, reima reimar; somme skifter mellom a og e: kværna og kværn(e). Alle hokjønnsord som kan ha -a- i Hadsel, hadde det i gamalnorsk, og kan ha det i nynorsk. Ein kan difor skriva beint etter målføret. Ei rad med hokjønnsord har ein annan vokal i fleirtal. Dei fylgjer vanlege nynorske reglar:

Hadsel: ei not — nota — nøtter — nøten.
Nyno.: ei not — nota — nøter — nøtene.

Såleis går t.d. bok, rot, klo — klør — klørn, nyno.: klør — klørne, flo — flør, tå — ter tær, krå — krer krær, mor — mør møder, ku — kjyr kyr, hainn — heinner — hein’n, nyno.: hender — hendene, tainn, tång tong og mest alle dei orda som vert bøygde på same viset i nynorsk.

Inkjekjønnsorda endar på -an i bunde fleirtal. Nynorsk har -a, (bokmålet -ene).

Hadsel: eit hus — huse — hus — husan.
Nyno.: eit hus — huset — hus — husa.
Hadsel: eit æppel — æple — æpla — æplan.
Nyno.: eit eple — eple — eple — epla.
Hadsel: eit aue — aue — aua — auan.
Nyno.: eit auge — auget — auge — auga
eller eit auga — auga — augo — augo.

Så går òg øre, gl. øyra, jærtte, gl. jartte hjarta, nøste. Merk eit ban barn — fleire båinn born.

Adjektivet vert ikkje bøygt når det er predikatsord: di e ong dei er unge. Elles går adjektivet som vanleg i nynorsk.

Gradbøygning
Hadsel: rik — rikar — rikast.
Nyno.: rik — rikare — rikast.

Mellom pronomena kan ein nemna: æg (æ), mæg, dæg, sæg nyno. eg, meg, deg, seg, ho, viåss, dåkker de og dykk: slo dåkker dåkker? (bokm. dere); di dei: di såg di dei såg dei (bokm. de så dem), ka kva, kvæmm kven. Spørjande adverb: kor, korleis, kofør korfor, kvifor, kvær kvar, einkvan og angkvan einkvan, eitkvart, ingjen eller engen ting ingen, enga rå inga råd, ikkje nåkka ikkje noko, nåkken nokon, i hokjønn nåkka noka, nåkker eller nåkken nokre.

Dei sterke verba fylgjer nynorsk etter faste reglar.
Hadsel: å finn’ — æg finn — fainn — ha fuinn(e).
Nyno.: å finna — eg finn — fann — har funne.
Hadsel: å bær’ — æg bær — bar — ha borr(e).
Nyno.: å bera — eg ber — bar — har bore.
Hadsel: å skriv’ — æg skriv — skreiv — ha skrevv(e).
Nyno.: å skriva — eg skriv — skreiv — har skrive.
Hadsel: å flyg’ — æg flyg — flaug — ha fløgg(e).
Nyno.: å flyga — eg flyg — flaug — ha floge.
Hadsel: å ræk’ — æg rek — rak — ha rikkje.
Nyno.: å reka — eg rek — rak — har reke.
Hadsel: å drag’ — æg dreg — drog — ha dri(e).
Nyno.: å draga — eg dreg — drog — har drege.
Hadsel: å far’ — æg fer — æg for — æg ha far(e), nyare forr(e).
Nyno.: å fara — eg fer — eg for — eg har fare.

Linne verb har i regelen a-bøygning, når dei har det i nynorsk.
Hadsel: å kaill’ — æg kailla — kailla — kailla.
Nyno.: å kalla — eg kallar — kalla — kalla.

Når dei har -te (de)-bøygning, får dei fleste det og i Hadsel; -e og -er er som vanleg borte.
Hadsel: å kjeinn’ — æg kjeinn’ — kjeint’ — kjeint.
Nyno.: å kjenne — eg kjenner — kjende — kjent.
No kan ein òg skrive kjente.

Etter v og g står d. Hadsel: å bygg’ — eg bygg — bygd’ — bygd. Nyno.: å byggja — eg bygger — bygde — bygd (bygt).
Hadsel har noko meir av -te og mindre av -de enn nynorsk.

Dei gamle -ja-verba har mist j. I regelen har dei heller ikkje vokalskifte. Hadsel: å spørr’ — spørr — sport’ eller spor’ — sport.
Nyno.: å spørja — spør — spurde — spurt.
Såleis går smørr’ smørja.
Hadsel: å sømm’ — sømm — sømt’ — sømt.
Nyno.: å symja — sym — sumde — sumt.
Såleis går døll’ dølja, og nokre få andre. Hadsel: å lægg’ — lægg — la — takt.
Nyno.: å leggja — legg — la — lagt.
Hadsel: å sei’ — sei’ — sa — sakt.
Nyno.: å seia — seier — sa — sagt.

Refleksiv endar på st som i nynorsk.
å skjæmmest skjemmast, bainnest bannast, di bisst bitst, han rost ikkje ut, å minnest minnast. Merk -est for nyno. -ast i infinitiv.


  1. Frå bokmål — namn på handelsvare.↩︎

  2. Ein bør ikkje seia bue, som er frå bokmål.↩︎

  3. Ein bør ikkje bruka skut som er omlaga av bokm. skud (no skudd).↩︎

  4. Unnatak: lainsønneng landsynning, tenn tinn.↩︎