MÅLET I HADSEL

Hadsel mållag 1961

Småstykke på talemål, jamført med skriftmåla nynorsk og bokmål, og ei kort utgreiing om talemålet i Hadsel

Kom då, lat oss alle mann
reisa modersmålet,
Lyfta kvar så godt han kann,
slipa det som stålet!
Millom alle folk på jord
dyre var dei moders ord.
Lat og oss det sanna!
(Elias Blix)

Dersom jeg skal si min personlige mening, så er den norske målreising berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk: det går ikke an å nekte. Det ble jo innført av danske embedsmenn. Disse herrer burde jo selv ha lært norsk. Men i stedet begynte deres undergivne å tale dansk som de, fordi man trodde dansk var så meget finere enn norsk. Dette gjorde meget til å svekke den norske nasjonalitetsfølelsen, og det er rimelig at den nasjonale vekkelse vil gjøre ende på den tanke, at dansk er så meget finere enn norsk.Kong Haakon VII i Norsk Barneblad — 1933, s. 168

Føreord

Med dette vesle skriftet ynskjer vi fyrst og fremst å peika på og visa skyldskapen og samsvaret mellom talemålet utover bygdene i Hadsel og skriftmålet nynorsk. Likeså får ein sjå korleis bygdemålet går i kor med skriftmålet bokmål. Det er såleis eit opplysningsskrift. Vi vonar det vil vekkja til ettertanke og nøra interessa for bygdemålet og norsk mål i det heile.

Dei små-sogene vi har nytta, er oppskrivne i Hadsel, der dei har levt på folkemunne.

Sidan dei tre tekstene (nynorsk - hadselmål - bokmål) står jamsides, skulle det vera lett å samanlikna både ord og seiemåte. Vi skal ikkje gje oss til å spå. Men det vil ikkje undra oss det grann om svært mange kjem til å gjera ei sers viktig oppdaging og sjå det slik: Bygdemålet vårt og nynorsken er då, forlate meg, eitt og same målet! Berre at nynorsken — skriftmålet — er normalisert, slik at han så langt råd samstavar med alle bygdemåla i Noreg, ikkje berre med målet i Hadsel.

Etter målprøvene har vi ei kort utgreiing om hadselmålet i jamføring med nynorsk, av dr. philos. Ingeborg Hoff. Det er den fyrste skildringa av hadselmålet, så vidt vi veit. Utgreiinga måtte bli stutt. Likevel trur vi at kvar og ein vil få eit verdfullt innsyn i lydverk, form og bøygning for bygdemålet vårt. Elles meiner vi at utgreiinga vil høva sers godt i studieringar.

Vi bed alle bita seg merke i den kjærkomne opplysninga dr. Ingeborg Hoff gjev oss at mest alle ord og vendingar som høyrer bygdemålet til, kan nyttast i nynorsken… Det berre gjeld å finna rette skrivemåten.

Det er òg funne rom til nokre få sitat frå den vidkjende boka av rektor, dr. philos. Asbjørn Øverås: NORSK REISING.

Skriftnemnda takkar dei som til har hjelpt, særskilt dr. Ingeborg Hoff, og for teikningane det unge kunstnaremnet, hadselgjenta Karen Marie Kristiansen. — Skriftet vart større og dyrare enn tenkt frå fyrst av. Vi kjenner oss då ovleg takksame til alle — innan- som utanbygds — som har stødd oppunder med lysingar o.a.

Ottar Sandness

I skriftnemnda: Arne Angell, Anna H. Haug, Ragnhild Johnsen, Sigrid Kristiansen, Oskar Kristiansen.

Rettleiing

Det er nytta vanleg skrivemåte i nynorsk- og bokmålstekstene. Bygdemålstekstene er skrivne meir i samsvar med uttalen. Døme: Han feska (i staden for Han fiska) å jælp (å hjelpa) å (og). «J-fengen» n og l blir i tekstene utsjåande som tvilyd (diftong): mainn — main’n (mann — mannen). Lainn — lainne (land — landet). å hoill (å halda) osb.

I mange ord, der uttalen er heilt stø, og det ikkje kan vera tale om mistak, har vi nytta vanleg rettskrivning i bygdemålstekstene, såleis o for å-lyd. Døme: han kom (og ikkje etter uttalen han kåmm. å lov (å lova). nokken (nokon).

Uttalen av ei mengd ord kan ein ikkje få heilt rett attgjeven utan lydskrift. Men i eit skrift som dette, vil det ikkje høva å bruka rein lydskrift. For dei som skriftet er mynta på — hadselfjerdingar — skulle det ikkje heller vera naudsynt, for hadselmål-tekstene må ein lesa i samsvar med vanleg daglegtale.

Tileigning

Til Anna Henriksdotter Haug.

Heimbygda, Hadsel, har hatt eit eige stort rom i hjarta ditt. Verdfullt tilfang frå farne tider har du berga frå gløymsla og grave fram frå gøymsla. Mange av dei gamle, uskjønlege stadnemna våre, har den gløgge tanken din og dei vare kjenslene dine gjort lys levande for oss. Dine hugmål og tankar har femnd vidt om. Du har trutt vore med og skuva på og drege tunge lass. Ja, i mang ein strid har du stått heller einsleg på skansen.

Serskilt vil vi takka deg for truskap mot bygdemålet vårt. Endå i din alder ordlegg du deg tindrande klårt — og dårande som ei ungjente. Det tek vi til prov på at målet frå barndomsheimen og bygda er ein sers tenleg reiskap til å målbera seg med.

Måtte no mange ta den reiskapen i bruk og fylgja i ditt fotefar!