Den språklege rettstryggleiken

Denne teksta kom på tredjeplass i Nynorsk fagspråkpris i 2022. Ho er skriven av Jógvan Helge Gardar.

Du sit på tiltalebenken i ein norsk tingrett, skulda for trugsmål og utpressing. Påtalemakta meiner du har sagt eller skrive noko som bryt med straffeboda i Noreg. Du er ikkje samd, for du meiner at det heller er tale om sjargong i bransjen du jobbar i, talemåtar i målføret ditt, eller at politiet har omsett utsegnene dine feil frå eit anna språk. Korleis skal retten få greie på kva som er korrekt?

Desse er situasjonar ein kan råke utfor i det norske rettssystemet, utan at me i dag har gode måtar å løyse dei på. I nokre sakar hentar ein inn «språkekspertar» med ein eller annan bakgrunn i lingvistikken, medan ein ved andre høve berre tek omsyn til tolkinga til politiet eller domstolen sjølv. Båe framgangsmåtar har openbert utfordringar, og kan enkelt gå på akkord med idealet om rettsvisse.

Dei siste åra har det vore rørsle på gong for å blåse liv i det rettslingvistiske feltet i Noreg. Universitetet i Søraust-Noreg har oppretta eit studietilbod under leiing av Guro Nore Fløgstad og Helene Urdland Karlsen, det fyrste i landet. Diskusjonen har òg nådd medieoverflata, m.a. i Morgenbladet. Målet må vere at dette forsøket ikkje blir einsamt, men heller startskotet for eit breiare løft for språket i det norske rettssystemet.

Det er heller ikkje berre i rettssalen at lingvistikken bør få større plass i den norske rettsvitskapen. I alle krokar av fagfeltet kan ein med fordel hente meir kunnskap frå forskinga på språket, det viktigaste verktøyet me har for å etablere ein solid og truverdig rettsstat.

Denne artikkelen skal handle om kva lingvistikken kan tilføre jussen, og korleis ein lyt utforme bruken av rettslingvistikken i utdanning, arbeidslivet og i rettssalen.

Språket i rettsvitskapen

Rettslingvistikken er på mange måtar eit heilt nytt fag i Noreg. Sjølv om jussen er bygd på språkbruk, oppmodar studiet og arbeidslivet sjeldan til analyser av korleis språket vert brukt. Det finst ingen lingvistisk teori på jusstudia, og utanom den svært ulne formuleringa «naturleg språkbruk», kjem ein vanleg student aldri nærare inn på den utrulege djupna som ligg i språket.

La oss fyrst sjå på korleis juristar handsamar språket i rettslege tekstar.

Det er eit pragmatisk grep å nytte eit omgrep om daglegtala, men det kjem så altfor ofte til kort. Sjølv i relativt homogene miljø kan det vere vanskeleg å setje fingeren på nøyaktig kva eit ord tyder. Det kan verke sjølvforklrande kva dei fleste ord i juridiske tekstar tyder, og overflødig å analysere dei djupare enn ei omtrentleg tolking. Det finst derimot heile fagfelt dedikerte til å komplisere nettopp det synet, og det verkar korttenkt av rettsvitskapen å rekne med at dei menneska som går ut av jusstudia våre er i stand til å skilje mellom alle nyansane i språket.

Sjølv om juristane er blant våre høgst utdanna yrkesgrupper, er dei ikkje ekspertar på språk, berre på juss. I tillegg er det ei svært homogen gruppe som kjem ut etter fem år på studiet. Svært mange har arva høgstatusyrke, svært mange høyrer til privilegerte grupper i det norske samfunnet, svært få har minoritetsbakgrunn. Det seier seg sjølv at naturleg daglegtale for denne gruppa er noko heilt anna enn det vil vere for andre lag av folkesetnaden.

Når den juridiske metoden deretter oppmodar rettsbrukaren til å tolke tekstane slik dei vert forstått av gruppene dei er mynta på, er det ikkje merkeleg at det oppstår ein del problem.

Dette er ikkje den einaste situasjonen der juristar handsamar språk, men det er den mest vanlege. Ein annan er ved produksjon av rettslege tekstar. I dei fleste lovutgreiingar er teksten innom mange ulike menneske og fagfelt før han vert vedteken av lovgjevar. Det gjer at sjansen for feil eller upresise formuleringar er mykje lågare enn i rettsbruksprosessen. Likevel vert teksten sjølv sjeldan vurdert av nokon som er ekspert på språket, korkje meir abstrakt eller i tilknytting til forståing hjå t.d. minoritetsgrupper. Det vil seie at lovtekstane det norske rettssystemet er bygd på, korkje er produsert eller forstått av nokon som har språket som hovudfeltet sitt, endå dei alle er språklege produkt. Tanken om at alle meistrar språket, at det er så daglegdags, skapar på denne måten større og større slingringsmonn jo lenger ut i kjeda ein kjem.

Dette poenget er enklast å få auge på i dei lovbundne delane av rettsvitskapen, men det er vel så relevant innan ulovfesta rett. Her driv ein rett nok ikkje den same ordlydstolkinga som på lovbunde område, men det er like fullt mogleg å gjere språkbruken meir presis og inkluderande, for å gjere jussen meir tilgjengeleg og forståeleg for alle, og for at juristar skal kunne tolke seg fram til eit mest mogleg rimeleg resultat.

Så lenge ein godtek eit rettssystem basert på språket, er det umogleg å kome heilt unna det vage i ord og formuleringar – det som ligg i språket sjølv. Likevel kan ein i mykje større grad ta høgde for marginane. Det må starte på skulebenken.

På jusstudiet vil det seie å nytte meir språkvitskap i opplæringa, og ikkje berre gjennom filosofiundervisinga. Særleg dei semantiske nyansane i språket bør kome betre fram undervegs, slik at studentane vert merksame på alle moglegheitane som ligg i språket, men òg alle moglegheitane for å misforstå kvarandre, eller berre snakk rett forbi einannan. Når studentane diskuterer kva som er «naturleg språkbruk» eller «daglegtale», bør det vere ut frå eit godt fagleg fundament, der ein evner å vise til undersøkingar, statistikk eller teori, ikkje berre magekjensla. Å utvikle den juridiske metoden mot meir solide ordlydstolkingar, kan rekneleg vere med på å gjere studentane meir medvitne og sikre på seg sjølve, og gjere jussen meir truverdig for lesarane og folket for øvrig.

I rettsutviklinga vil det seie å lytte til høyringsrundane i lovarbeidet, og nytte dei relevante instansane i det språklege arbeidet. Sjølv om juriststanden veit korleis ord og omgrep vert nytta i rettsvitskapen og rettskjeldene, er det sentrale prinsippet i Noreg at tekstane skal tolkast ut frå normal daglegtale. Der kan instansar som Språkrådet, Mållaget, Riksmålsforbundet og andre vere viktige å ha med.

Språket i rettargangen

Dei siste åra er det likevel eit anna aspekt av det rettslege språket som har fått mykje merksemd.

Rolla språket spelar i rettssaker har vore problematisert ved fleire høve, m.a. i sakene mot Eirik Jenssen, Laila Bertheussen og nå seinast i gjenopptakinga av saka mot Viggo Kristiansen. Alle desse har språklege element som sentrale bevis, utan at sjølve språket er tilstrekkeleg problematisert, både i rettssalen og i media.

Rettslingvistikk som eige felt fekk eit oppsving med saka om Unabombaren i USA, der språklege vurderingar av eit skriftleg manifest kunne sende politiet i retning gjerningsmannen. Språklege kjennemerke og spesialitetar var nok til å kople teksten til relevante demografiske faktorar, slik at søket kunne sirklast drastisk inn om ei lita gruppe menneske. Seinare har feltet vorte meir akseptert, og fått større plass, særleg i den angloamerikanske sfæra, men òg i Sverige, der Jan Svartvik ved Lunds Universitet var den fyrste til å introdusere omgrepet rettslingvistikk attende i 1968.

På same måte kan ein enkelt sjå føre seg mange andre situasjonar der språkkunnskap kan vere avgjerande, både i straffesaker og andre situasjonar i domstolane. Dei fleste kan kjenne att ei dialekt, men det er ikkje like lett å avgjere alderen eller opphavet bak stemma. Ein språkvitar med ekspertise på slang, sosiolekt og aldersbestemte uttrykk vil enkelt kunne redusere talet på moglege personar drastisk, ofte ned til ei mengd der det ikkje er like vonlaust å gjere fysiske undersøkingar, intervju osb. Måtar ein uttrykkjer seg på, ord ein vel, tonefall,

setningsoppbyggjing, trykk og tonem, alle er moglege identitetsmarkørar som kan vere med på å avsløre alder, kjønn, opphav, klasse og andre trekk.

Like eins kan språkvitarar knytte små detaljar til eigenskapar ved personen. Om eit skriftleg dokument vert ført som bevis, kan ein ved hjelp av språkleg analyse avgjere om dokumentet er ekte eller falskt, og om det er skrive av den som utgjev seg for å vere forfattaren. Ein kan òg identifisere mange trekk ved ein falsknar, for ikkje alle vil utføre eit falsum på same måte. Det siste var særleg relevant i saka mot Laila Bertheussen, der sentrale delar av bevismengda var skriftlege dokument med ukjent avsendar.

I artikkelen «Rettslingvistisk praksis i Norge. Et kritisk blikk på behandlingen av språkmaterialet i Bertheussen-saken» trekk Fløgstad og Karlsen fram eit sitat frå aktor i Berteussen-saka. «Man trenger ikke være språkforsker for å se at språket er tilgjort», seier ho, og kan nok ha rett i det. Problemet oppstår når ein treff på beviskravet i strafferetten, og må ha meir enn magekjensle for å kunne dømme nokon.

Dei fleste kan nok sjå på tagginga «RASISIT» og skjønne at det nok er feilstava med vilje, at det ikkje er skrive av nokon som ikkje meistrar språket, men heller av nokon som ikkje meistrar å kamuflere eit falsum. Det ein ikkje kan sjå, er kvifor falsknaren har vald å gjere det på denne måten. Kvifor vel ein slike feilstavingar? Kva fordommar må liggje bak ein tanke om at til dømes innvandrarungdom ville gjort ein slik feil? Kva inntrykk må ein ha av dei? Kvifor veit ein ikkje at innvandrarungdom, om dei ville gjort feil, nok heller hadde gjort andre feil?

Berre desse spørsmåla kan gje mange indikatorar på kven som står bak falsumet. Men for å leggje merke til dei treng ein fagfolk på plass undervegs i prosessen, som ser etter dei rette tinga i materialet, og som får tilgang på relevante tidspunkt.

Ein del av den relevante kompetansen eksisterer allereie i dei språkvitskaplege og kriminologiske miljøa i Noreg, og ein kan nok enkelt gjere seg meir nytte av dei ressursane ein alt har. Samstundes er det god grunn til å satse meir på ein, om ikkje stor, i alle fall aktiv stand av rettslingvistar. Det finst fleire måtar å implementere kunnskapen på i rettargangen, men både politiet og domstolane kan nok dra nytte av kunnskapen på fleire punkt i etterforsking og rettssak.

Språket og retten

Det er mange aspekt ein kan kritisere ved den norske rettsvitskapen, men mangelen på språkleg kompetanse må vere blant dei viktigaste. Eit skikkeleg løft må i gang for å auke innsikta hjå studentar, ferdigutdanna juristar, politi og domstolar. Ein del av det kan enkelt gjerast med grep på jusstudia, men mykje treng meir systematisk endring.

Opprettinga av eit eige emne i rettslingvistikk ved Universitetet i Sør-Aust-Noreg er ein god start, og bør fungere som førebilete for fleire andre, kanskje særleg dei tre jussfakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Eige emne kan vere eit steg på vegen mot å utdanna juristar som kan fylle rolla som ekspertvitne i rettsprosessar der språklege bevis står sentralt. Det kan òg gjere andre partar i rettsprosessane meir medvitne om moglegheitane som finst i å sjå nøyare på språket. Meir utfyllande språkleg arbeid gjennom jusstudiet kan på same måte gjere kvar enkelt jurist meir medviten om korleis språket fungerer, og korleis me kan sikre rettsvisse for alle.

Framover lyt staten, særleg gjennom universiteta, gå i bresjen for rettslingvistikken, for å skape eit meir solid språkleg fundament for lovtekst, rettspraksis og offentleg diskusjon. Med større fokus på språket i retten kan me i endå større grad feste lit til avgjerdene i domstolane, og vere endå meir sikre på at alle bevis har fått seie det dei skjuler.

I denne artikkelen har eg berre skrapa overflata av kva rettslingvistikken kan tilføre rettsvitskapen i Noreg, men det er heilt klårt naudsynt at fleire vert merksame på feltet, og at universiteta driv meir forsking på kva språket kan tilføre jussen. Slik kan ein på sikt vere meir sikker på at språket ein brukar, ikkje blir feiltolka om det nokon gong vert vurdert i ein rettssal.