No har du to sjansar til å søkja om støtte til ditt prosjekt!

Frå våren 2020 vil Skuleboknemndi gå over til å ha to årlege løyvingsrundar. Dette tyder at det vil vera to fristar: Frist for å søkja på vårløyvinga er 15. juni, frist for å søkja på haustløyvinga er 15. oktober.

Krav til søknaden
Søknaden bør vera på 1–2 sider og gje ei skisse av kva boka skal handla om, kven målgruppa er, og kva for fag boka rettar seg mot. Det bør òg gå fram kva tid boka er tenkt utgjeven, og om boka er ei nyutgjeving eller ein revisjon. Til slutt ønskjer vi å sjå eit visst økonomisk oversyn eller budsjett.

Vilkår for tildeling

  • Namnet vårt (Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo) skal vera oppgjeve på kolofonsida i boka (t.d. «Prenta med tilskot frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo.»). Ved digitale prosjekt må det gå fram i søknaden korleis namnet åt nemnda skal gjerast synleg.
  • Det må vera nemnt i søknaden om heile eller berre delar av boka er på nynorsk.
  • Forfattaren må nytta namnet Noreg om landet vårt (det nynorske landsnamnet).
  • Vi ønskjer å få tilsendt 3–5 arkiveksemplar.

Etter at vi har halde løyvingsmøtet vårt, sender vi ut melding om løyvinga til forlaget. Det er fint om forlaget då seier ifrå om det tek imot løyvinga. Prosjekt som har fått løyving, må ferdigstillast innan tre år. Vi gjev ikkje stønad til prosjekt som vert utgjevne føre løyvingsmøtet med mindre anna er avtalt. Merk at stønaden først vert oversend når boka er ferdig prenta og arkiveksemplara er komne fram til oss.

Vi vonar at forlaget ditt vil nytta høvet til å senda inn ein søknad. Søknaden skal sendast på e-post til nemnda: post@skuleboknemndi.no.

Dette innlegget vart lagt inn i Meldingar. Bokmerk fastlenkja.