Skuleboknemndi har dei siste åra arbeidd med eit eige prosjekt om å digitalisere eldre ordlister. Sergej A. Munkvold har vore prosjektansvarleg.
Det finst få framandspråklege ordlister på nynorsk tilgjengelege i dag, så vi håpar dette prosjektet kan vere til glede for interesserte og kanskje også til hjelp i framtidig arbeid med slike ordlister.
Vi gjer dykk merksame på at ordlistene ikkje er oppdaterte til gjeldande rettskriving, men dei kan framleis nyttast som generell rettleiing.
Ei lenke til ordlistene er lagt inn i hovudmenyen.