Rapport: Parallellspråksbruk i praksis

Hausten 2015 blei Jorunn Simonsen Thingnes tilsett i ei prosjektstilling for å utarbeide ein rapport om behovet for eit norsk forskingsspråk i høgare utdanning og korleis ein kan sikre det. Prosjektet var eit samarbeid mellom Samlaget og Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo.

Heile rapporten er her gjort tilgjengeleg for ålmenta: Parallellspråksbruk i praksis.

Vi ser fram til vidare oppfølgjing både frå Skuleboknemndi si side og andre som kan ha interesse av denne.


Samandrag

Det er statleg vedteken politikk at norsk skal vere eit levande fagspråk, det norske fagspråket vert stadig utfordra. Det er brei semje om at noko må gjerast for å betre situasjonen, men spørsmålet er korleis ein kan gå fram. I Stortingsmelding nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. vert parallellspråklegheit presentert som løysinga, men omgrepet er ikkje konkretisert, og det har vist seg å vere vanskeleg å setje parallellspråklegheita ut i praksis.

I denne rapporten vert det drøfta kva ein kan gjere for å sikre eit norsk fag- og forskingsspråk og påd en måten følgje norsk språkpolitikk. Innleiingsvis vert språkpolitikken nærare presentert, og ein studerer korleis han fungerer i praksis. Vidare vert det drøfta om artikkelsamlingar med fagartiklar i norsk omsetjing kan vere eit tiltak som kan medverke til at ein når målet om å styrkje norsk fag- og forskingsspråk. Artiklane skal vere omsette frå engelsk til norsk, og dei skal bli samla og gjort tilgjengelege gjennom artikkelsamlingar.

Konklusjonen er at artikkelsamlingar med fagartiklar i norsk omsetjing er ein god idé. Samlingane er eit godt tiltak som saman med fleire andre, kan ha stor nytteverdi. Det er eit konkret døme på parallellspråklegheit, og det er soleis i tråd med løysingane som vert presenterte i Mål og meining. Fordelen med samlingane er mange. Norsk fagspråk vert teke i bruk og gjort tilgjengeleg for studentar og andre, og språket vert brukt til å formide norsk forsking slik at samfunnsansvaret til universiteta vert oppfylt og demokratiet styrkt.

Dette innlegget vart lagt inn i Meldingar. Bokmerk fastlenkja.