Nynorsk Fagbokpris

Sidan 2003 hev Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo saman med Det Norske Samlaget etla ut Nynorsk fagbokpris. Prisen er på kr 100 000. Ei eigi domsnemnd tek imot søknader og vel ut ein verdig vinnar. Tri gonger hev prisen vore utetla på haustsleppet til Samlaget i midten av august. Prisen vert utetla annakvart år. Næste gong er i 2011.

Her er lista yver prisvinnarar:

2003

Peter Larsen og Sigrid Lien: Norsk fotohistorie. Boki kom ut på Samlaget i 2006.

2005

Olaf Almenningen: Innføring i nynorsk for høgare utdanning. Boki kom ut på Samlaget i 2006.

2007

Lila Marie Moberg og Nora Lindén: Barn og kommunikasjon. Om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy. Boki kom ut på Gyldendal i 2008.

2009

Jon Vidar Sigurdsson, Ståle Dyrvik, Jan Eivind Myhre og Ola Svein Stugu: Norsk historie frå dei eldste tider til i dag. Firebandsverket skal koma ut på Samlaget i 2011.