Løyvingar

Skuleboknemndi løyver kvart år tilskot til lærebøker og læremiddel for høgskular og universitet. Det er vanleg at forlag søkjer oss om tilskot. Løyvingsmøtet vårt er som oftast tidleg på hausten. I 2018 er fristen for å søkja tilskot sett til 1. oktober.

Me oppmodar alle forlag som gjev ut nynorsk faglitteratur for høgare utdanning, om å søkja oss. Føremålet vårt er å hjelpa fram nynorsk på dette feltet. Både små og store forlag kan søkja.

Tidlegare løyvingar (lista inkluderer kun bøker som er utgjevne):

2016

  • Sølve Selstø. Praktisk introduksjon til numeriske metodar. Øvingsoppgåver for MATLAB. Universitetsforlaget 2017.
  • Kåre Lilleholt. Kontraktsrett og obligasjonsrett. Cappelen Damm Akademisk 2017.
  • Steinar Bøyum. Utdanning, ulikskap og urettferd. Fagbokforlaget 2016.
  • Sigrun Høgetveit Berg. Reformasjonen. Samlaget 2017.

2015

  • Katrine Broch Hauge. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning. Universitetsforlaget 2016.
  • Say what? nynorsk-engelsk ordbok. Kunnskapsforlaget 2015.
  • Rolv Nøtvik Jakobsen. Gunnerus og nordisk vitskapshistorie. Scandinavian Academic Press/ Spartacus 2015.
  • Helene Urdland Karlsen o.fl. Festskrift til Norsk Ordbok. Samlaget 2016.
  • Steinar Bøyum. Utdanning, ulikskap og velferd. Fagbokforlaget 2016.

2014

  • Nathalie Simonsson. Verdas viktigaste bok. Samlaget 2016.
  • Steinar Imsen. Land og folk i den norrøne verda. Samlaget 2015.
  • Atle Brandsar. Sogebok om Studentmållaget i Nidaros. 2016.
  • Sigbjørn Tore Tenfjord og Asgeir Olden. Juridisk ordliste. Skuleboknemndi 2017.
  • Frå A til Å. Festskrift til Dagfinn Worren. Novus forlag 2014.
  • Theodore Slette: Digitalisert utgåve av Norsk-engelsk ordbok. Skuleboknemndi 2017.

____________________________________

Her er eit utval tidlegare løyvingar:

  • Liv Marit Aksnes: Tid for tale. Munnleg norsk i skolen.  Cappelen Akademisk 2004.
  • Roar Amdam: Planlegging som handling. Universitetsforlaget 2005.
  • Valerij P. Berkov m.fl.: Stor norsk-russisk ordbok. Kunnskapsforlaget 2003. (Nynorskluten fekk tilskot.)
  • Tone Birkeland, Ingeborg Mjør og Gunvor Risa: Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar. Cappelen Akademisk 2006.
  • Øystein Ekroll: Ei anna historie. Norsk mellomalder i arkeologisk lys. Tapir Akademisk Forlag 2006.
  • Hallstein Grønstøl: Veterinærmedisinsk ordbok. Det Norske Samlaget 2004.
  • Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen. Norrøn ordbok. Det Norske Samlaget 2008.
  • Oddbjørn Leirvik: Islam og kristendom. Konflikt eller dialog? Pax Forlag 2006.
  • Siv Oltedal: Klientsamtalar innan velferdsstaten. Fagbokforlaget 2004.
  • Olav Solberg: Inn i eventyret. Norsk og europeisk forteljekunst. Cappelen Akademisk 2007.
  • Hallvard Tjelmeland: Den kalde krigen. Det Norske Samlaget 2006.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *