Juridisk ordliste

Juridisk ordliste har vore eit hjartebarn for Skuleboknemndi i mange år. No ligg ho endeleg føre i revidert og digitalisert utgåve! Me håpar lista kan vere til hjelp anten du er jusstudent, -professor, ferdigutdanna jurist eller berre har ei særskilt interesse for norsk juridisk fagterminologi.

Frå forordet kan ein lesa:

Den juridiske ordlista du held i handa no, er eit framhald av Juridisk ordliste, som kom ut i tri opplag millom 1975 og 1987. Den gongen var det Asgeir Olden som var forfattar. Denne nye ordlista er utarbeidd av cand.jur. Sigbjørn Tore Tenfjord. Jusprofessor Kåre Lilleholt ved Universitetet i Oslo har sett gjennom utkastet til ordlista og kome med visse rettingar og merknader. Ferdig utarbeiding av lista gjorde Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo sjølv i 2016. Ordlista er ei nyttig hjelp for jus-studentar og andre til å finna betre mål og målføring når det gjeld juridiske ord og nemningar. Ho er enkelt oppbygd, gjev synonym og avløysarord og framlegg til omskriving. Etterordet om nynorsk stil er skrive av Håvard Tangen.

God lesnad!

Juridisk ordliste. Nynorske fagomgrep for jus.
Av Sigbjørn Tore Tenfjord

Dette innlegget vart lagt inn i Meldingar. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *